Når kommunen skal leggje nye leidningar eller fornye eksisterande leidningar i eit område, vil god informasjon til innbyggjarane ha mykje å seie. Denne brosjyren kan vere eit utgangspunkt for informasjonen som går til innbyggjarane. Arbeidet med å leggje leidningar er søknadspliktig etter plna. og bygningsloven § 20-1 (jf. byggesaksforskriften § 4-1 bokstav c nr. 8), med mindre plan- og bygningsstyresmakta særskilt har gjort unntak for dette tiltaket. Det vil seie at kommunen må sende nabovarsel til alle det gjeld.