Velg en side

Fråkopling taknedløp

Her finn du informasjonsfaldar og brevmalar som kommunen kan bruke når det er behov for å få abonnentane til å kople frå taknedløpa sine.

Etter forureiningslova § 22 andre  leddet, andre punktumet,  kan kommunen (forureiningsstyresmakta) krevje at abonnenten legg om og utbetrar stikkleidningen i andre tilfelle (også elles) enn når kommunen gjer arbeid på eigne leidningar.  Kravet rettar seg primært mot separering og reparasjon av leidningane, men omlegging vil også kunne tolkast som å endre taknedløpa frå å føre vatnet ut i ein kommunal leidning til å leggje om takvatnet på eigen eigedom.

Kommunen må vurdere om føremonene ved å kople taknedløpa frå står i eit rimeleg forhold til ulempene for abonnenten som må gjennomføre eit slikt tiltak. Faren for tilbakeslag og omfanget av tilbakeslag må vegast mot ulempene abonnenten vil få ved å måtte kople frå taknedløpa.

Kommunen kan velje å varsle pålegg og tvangsmulkt i same brevet, eller varsle tvangsmulkt i brevet der pålegget blir vedteke. Miljødirektoratet skriv i rettleiinga TA-2758/2011:

Det kan ofte være hensiktsmessig når det treffes vedtak om å gjennomføre plikter samtidig å gjøre oppmerksom på den adgangen forurensningsmyndighetene har til å treffe vedtak om tvangsmulkt dersom pålegg eller forbud ikke etterleves.

For at praksisen skal bli mest mogleg lik har vi valt å følgje ordninga etter plan- og bygningslova (pålegg og sanksjonar blir varsla i same brevet) også for saker som blir behandla etter forureiningslova.

 

Vedlegg: