Velg en side

Standardbrev nynorsk

Norsk Vann har arbeidd ut standardbrev, informasjonsfaldarar og ein brosjyre:

For flere maler sjekk miljøkommune.no.

Dei første temaa er knytte til krav som kommunen som plan- og bygningsstyringsmakt/forureiningsstyresmakt kan påleggje innbyggjarane. For alle temaa ligg det først ein informasjonsfaldar, som vi har tenkt skal følgje det første informasjonsbrevet som kommunen sender til innbyggjaren. Deretter er det arbeidd ut malar for varsling om vedtak (pålegg, tvangsmulkt og eventuelt førelegg etter pbl) og vedtak om pålegg og tvangsmulkt (og førelegg). Det er òg laga mal for særskilt varsel om tvangsmulkt og utskriving av tvangsmulkt som skal nyttast når det har gått meir enn seks månader frå kommunen sende  det opphavlege varselet til det blir aktuelt å gje tvangsmulkta. Det er òg laga eit særskilt varsel om førelegg (pbl) og vedtak om førelegg og varsel om strakstiltak (forurl).

Framgangsmåten når kommunen vil nytte brevmalane, må tilpassast til kor mykje det hastar med å få gjennomført tiltaket. Til dømes må kommunane vurdere om det er nok med munnlege vedtak utan varsel på førehand ved større vasslekkasjar på private leidningar. Her vil det i alle fall ikkje vere naturleg å starte med eit informasjonsbrev, men sende varsel om pålegg osv. med ein gong. I tillegg kan fristane kortast ned i slike situasjonar. Endå om det hastar med å setje i verk tiltak, skal normalt forureinaren få høve til å rydde opp sjølv før kommunen set i verk strakstiltak etter forureiningslova, sjå parallell problemstilling etter forurl. § 46 andre leddet (aksjonar mot akutt forureining) Eidsivating lagmannsrett 25.09.2012.

Brevmalane om godtaking av erstatningsbeløp er laga for å sikre at oppgjøret blir godteke som fullstendig og endeleg før utbetaling til forsikringsselskapet eller huseigaren.

Informasjonsbrosjyren for sanering av område er laga for å kunne nyttast når kommunen planlegg gravearbeid i samband med legging av leidningar i eit område.

Kommunane kan ofte velje å bruke lovverket (forureiningslova eller plan- og bygningslova) eller dei lokale abonnementsvilkåra når dei vil krevje at abonnentane gjer arbeid på vass- og avløpsanlegget sitt. Det er med andre ord doble heimlar for å påleggje ein del tiltak. Kommunen bør i slike tilfelle ta stilling til kva regelsett dei ønskjer å bruke alt når dei vender seg til abonnenten første gongen. Breva som er lagde ut, er baserte på lovheimlane, fordi dei òg opnar for sanksjonar mot abonnentar som ikkje følgjer opp med nødvendige tiltak. Kommunar som vel å grunngje kravet med abonnementsvilkåra, kan ikkje seinare gje tvangsmulkt, vedta førelegg eller tvangsgjennomføre tiltaket sjølv, utan å gå vegen om pålegg etter føresegnene i lova eller få eit anna tvangsgrunnlag.

Brev, informasjonsfaldarar og brosjyre er laga i Word, slik at kommunane sjølve kan tilpasse dei etter lokale tilhøve og behov. Kommunane må sjølv ta stilling til om dei vil sende med alle vedlegga, eller vise til eigne nettsider der abonnentane kan finne same informasjonen. Sidan informasjonen om retten til klage osv. er svært kortfatta i vedtaka, bør ei oversikt over klageretten leggjast ved.

Forvaltningsloven § 15a tillet at forvaltningsorgan nyttar elektronisk kommunikasjon når den henvender seg til andre, så fremt ikkje anna følgjer av lov eller forskrift gitt i medhald av lov. Privatpersoner kan reservere seg mot elektronisk kommunikasjon og  i staden motta tradisjonell post.

Kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk, følgjer ikkje alltid den same rettskrivingsnormalen. Særleg tydeleg kan dette vere i ordvalet. Sidan alle tekstane er laga i WORD, skulle det vera ei enkel sak å tilpasse ordvalet med søk/erstatt-funksjonen. I ordpar som desse har vi valt det første ordet, berre for å gje nokre døme:
avløp : avlaup;
behandle : handsame;
erstatning : skadebot el. vederlag;
forhold : tilhøve;
saksbehandlar : sakshandsamar;
samstundes : samtidig.

Vi er svært takksame for tilbakemeldingar frå kommunar som har teke i bruk malane. Send gjerne både ris og ros i ein e-post til elin.riise@norskvann.no.

Standardbreva er arbeidde ut gjennom Norsk Vanns prosjektsystem. Prosjektleiar har vore Elin Riise i Norsk Vann, i styringsgruppa for prosjektet har desse vore med:
Anne-Britt Hartmann, Bergen kommune
Eli F. Aubert (Laila M. Bendiksen), Røyken kommune
Ingrid Aarre Daae, Klif
Sissel Aasebø, Askøy kommune
Heine Meyer, Bærum kommune
Jørn H. Øversveen, Nordre Land kommune
Arild Haugen, Trondheim kommune