Her finn du informasjonsfaldar og brevmalar som kommunen kan bruke når det er behov for å få abonnentane til å kople frå taknedløpa sine.
Etter forureiningslova § 22 andre leddet, andre punktumet, kan kommunen (forureiningsstyresmakta) krevje at abonnenten legg om og utbetrar stikkleidningen i andre tilfelle (også elles) enn når kommunen gjer arbeid på eigne leidningar. Kravet rettar seg primært mot separering og reparasjon av leidningane, men omlegging vil også kunne tolkast som å endre taknedløpa frå å føre vatnet ut i ein kommunal leidning til å leggje om takvatnet på eigen eigedom.
Kommunen må vurdere om føremonene ved å kople taknedløpa frå står i eit rimeleg forhold til ulempene for abonnenten som må gjennomføre eit slikt tiltak. Faren for tilbakeslag og omfanget av tilbakeslag må vegast mot ulempene abonnenten vil få ved å måtte kople frå taknedløpa.
Kommunen kan velje å varsle pålegg og tvangsmulkt i same brevet, eller varsle tvangsmulkt i brevet der pålegget blir vedteke. Miljødirektoratet skriv i rettleiinga M-832/2017, bruk av tvangsmulkt:
Det kan ofte være hensiktsmessig når det treffes vedtak om å gjennomføre plikter samtidig å gjøre oppmerksom på den adgangen forurensningsmyndighetene har til å treffe vedtak om tvangsmulkt dersom pålegg eller forbud ikke etterleves.
For at praksisen skal bli mest mogleg lik har vi valt å følgje ordninga etter plan- og bygningslova (pålegg og sanksjonar blir varsla i same brevet) også for saker som blir behandla etter forureiningslova.
- Informasjonsfolder
- 1_Informasjonsbrev
- 2_Varsel_paalegg_og_tvangsmulkt
- 3_Paalegg_og_tvangsmulkt
- 3a_Varsel_om_tvangsmulkt
- 4_Tvangsmulkt
- 5_Varsel_om_umiddelbar_gjennomforing
Vedlegg: